Fiske

Vassbakken Kro og Camping ligg ved Fortunselva og Mørkridselva, med gode høve til å fiske sjøaure og laks.

Ved Vassbakken Kro og Camping renn Fortunselva, der ein kan fiske sjøaure og laks. Det er òg høve til å fiske i Mørkridselva, berre 5 minutt med bil unna. Me sel fiskekort for ein 3-kilometers strekning av Fortunselva. For anna fiske i Fortunselva og Mørkridselva må grunneigarane kontaktast.

Hugs å betale fiskaravgift når du skal fiske laks og sjøaure.

Fisket er ope i perioden 15.07.–31.08.