Rom - Skjolden Vandrerhjem 

Skjolden Vandrerhjem/B&B ligg i tilknyting til Vassbakken Kro og Camping. Vandrarheimen har 24 nyoppussa rom med eige bad/WC. Mat kan lagast til i fullt utstyrt felleskjøken, eller du kan kjøpe middag i kroa, som serverer tradisjonsrik norsk mat. I tilknyting til felleskjøkenet er det òg eit koseleg opphaldsrom med TV og ein møblert uteterrasse med flott utsikt over Fortunsdalen.

Plassert midt mellom tre nasjonalparkar er Skjolden Vandrerhjem eit ypparleg utgangspunkt for turar til mellom anna Jotunheimen, Breheimen, Sognefjorden, Jostedalsbreen og Urnes stavkyrkje.

Sjå elles oversikt over aktivitetar og attraksjonar i området.