Bubil

Vassbakken Kro og Camping ligg mellom bygdesentera Skjolden og Fortun. Skjolden ligg inst i Lustrafjorden – ein fjordarm av Sognefjorden. I Fortun begynner oppstiginga til Sognefjellet og Jotunheimen nasjonalpark. Her, midt mellom fjord og fjell, tilbyr me 14 oppstillingsplassar med straumuttak for bubil/campingvogn. 

På felles sanitæranlegg er det dusjautomatar, WC og vaskerom, vaskemaskin, tørketrommel og kjøken med komfyr og steikeomn og plass til å ete. Det er òg ein enkel leikeplass på staden.

I tillegg har me ein tradisjonell norsk restaurant med ein koseleg uteterrasse, TV-stove og salong. Gratis Wi-Fi er tilgjengeleg i kro- og resepsjonsområdet.

Sjå elles oversikt over aktivitetar og attraksjonar i området.