Vassbakken Kro og Camping

Midt mellom Skjolden og Fortun, i ein frodig dal omkransa av bratte fjell, ligg Vassbakken ved den nasjonale turistvegen Sognefjellsvegen. I nord grensar me til Jotunheimen nasjonalpark med Hurrungane og Turtagrø, eit velkjent område for klatring, ski, toppturar og fjellvandring. Tettstaden Skjolden ligg ved enden av Lustrafjorden, ein fjordarm til Sognefjorden – verdas lengste fjord. Området grensar òg til Breheimen nasjonalpark, med høve til turar i frodige stølsdalar, imponerande isbrear og karrig høgfjellsterreng. Ein times køyretur unna ligg Jostedalen nasjonalpark med Nigardsbreen. I Fortunselva kan ein fiske laks og sjøaure. Det finst òg fleire interessante kulturminne her, som mellom anna Urnes stavkyrkje, som er Noregs eldste stavkyrkje og på Unescos liste over verdas best bevarte kulturminne.

Hjå Vassbakken Kro og Camping finn du hytter, bygningar og teltplass i ly av flotte bjørketre. Me har campingplass med 13 hytter av ulik standard og storleik, plass til ca. 50 telt eller vogner og sanitæranlegg og kiosk med eit lite utval kolonialvarer. På staden finn du òg Skjolden Vandrerhjem med 23 nyoppussa rom. Her er det òg ei koseleg kro med alle rettar og servering av tradisjonsrik norsk mat.

I sentrum av Skjolden finn du butikk med post og fleirbrukshuset Fjordstova, med mellom anna innandørs symjebasseng og klatrevegg.

 

Bli nokre dagar!

På Vassbakken Kro og Camping kan du trygt leggje inn nokre dagars stopp. Her har du eit fantastisk utgangspunkt for å oppleve både fjord, fjell og bre. Sjå oversikta over aktivitetar og attraksjonar i området.