Camping

Vassbakken Kro og Camping ligg mellom bygdesentera Skjolden og Fortun. Skjolden ligg inst i Lustrafjorden – ein fjordarm av Sognefjorden. I Fortun begynner oppstiginga til Sognefjellet og Jotunheimen nasjonalpark.

Her, midt mellom fjord og fjell, kan du campe i naturskjønne omgivnader omgitt av frodige fjellsider. På felles sanitæranlegg er det dusjautomatar, WC og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, og kjøken med komfyr, steikeomn og plass til å ete. Det er òg ein enkel leikeplass på staden.

I tillegg har me ein tradisjonell norsk restaurant med ein koseleg uteterrasse, TV-stove og salong. Gratis Wi-Fi er tilgjengeleg i kro- og resepsjonsområdet.

Sjå elles oversikt over aktivitetar og attraksjonar i området.