Hytter

Vassbakken Kro og Camping ligg mellom bygdesentera Skjolden og Fortun. Skjolden ligg inst i Lustrafjorden – ein fjordarm av Sognefjorden. I Fortun begynner oppstiginga til Sognefjellet og Jotunheimen nasjonalpark. Her, midt mellom fjord og fjell, tilbyr me 13 hytter av ulik standard og storleik – alle med kjøkenfasilitetar. I tillegg har me ein tradisjonell norsk restaurant med ein koseleg uteterrasse og salong.

Me tilbyr hytter av ulik standard og storleik, med eller utan bad. Alle hyttene er utstyrte med kokeplate, kjøleskap, kaffi- og vasskokar, kasseroller og dekkjetøy. Dei har eigen uteplass, tremøblar og sitjehjørne med sofa. På felles sanitæranlegg er det dusjautomatar, WC og vaskerom, vaskemaskin, tørketrommel og kjøken med komfyr og steikeomn. Det er òg ein enkel leikeplass på staden. Hyttene er ikkje utstyrte med TV. 

Hyttene er utstyrte med dyner og puter. Du kan ta med eige sengetøy eller leige i resepsjonen.

Gratis wi-fi er tilgjengeleg over heile området.

Sjå elles oversikt over aktivitetar og attraksjonar i området.


  • Eitt soverom med dobbelseng eller to enkeltsenger.

  • Hems med to madrasser.

  • Stove med kjøken, varmt & kaldt vann, kokeplate og kjøleskap.

  • Bad med dusj og wc.

Maks 4 personar. 


  • Eitt soverom med dobbelseng eller to enkeltsenger.

  • Alkove med familiekøye for tre personar.

  • Stove med kjøken, varmt & kaldt vann, kokeplate og kjøleskap.

  • Bad med dusj og wc.

Maks 5 personar (4 voksne + 1 barn). 


  • Eitt soverom med ei familiekøyeseng.

  • Stove med kjøken, varmt & kaldt vann, kokeplate og kjøleskap.

Maks 3 personar (2 voksne + 1 barn)


  • Eitt rom for to – tre personar med kjøken med varmt & kaldt vann, kokeplate og kjøleskap.

Maks 2 personar.

Merknad: Minimum lengde for leige av hytte er to netter.