Toppturar vinter/vår i Hurrungane

På våren og forsommaren er Vassbakken eit rimeleg alternativ for deg som treng overnatting i samband med ski- og toppturar i området rundt Turtagrø, som ligg berre 13 km frå Vassbakken. Her har du tilgang til nokre av dei mest fantastiske toppturane ein kan oppleve her til lands. Seinare på sommaren kan du køyre 30 km til Sognefjellet Sommerskisenter og gå på langrenn i flotte omgivnader.